Kommunevåpenet vårt

Meland kulturstyre gjorde i møte 13.02.1986 vedtak om å velja ein navar (trebor) som motiv i kommunevåpenet for Meland. Då hadde det etter ei idetevling kome inn 51 framlegg til motiv.

 

I møte 15.10.1986 godkjende Meland kommunestyre ein sølvfarga navar på raud grunn som motiv for kommunevåpenet. I statsråd 15.05.1987 vart mellom anna fylgjande fastsett:  "Meland kommunes våpen skal vera: På raud grunn ein sølv navar- spiss som vender nedover. Meland kommunes flagg skal vera: på raud grunn ein kvit navar- spiss som vender nedover."

Ordet navar:

Det norrøne ordet nafarr er i slekt med det germanske naba-gaiza som tyder ein spiss reiskap til å bora hol i hjulnav med. Elles er navar og bor brukt om einannan om namn på denne reiskapen. I daglegtale snakkar ein ofte om spikarbor og rivenavar, og dei som laga denne reiskapen kunne omtalast både som navarsmedar og som borsmedar.

Reiskapen navar:

Ein skeiforma navar er funnen i Gokstadskipet og det kan tyda på at borar med kvass egg har vore brukte i samband med båtbygging i ca 2000 år for å sy eller klinka saman bord som låg over kvarandre. Dei eldste navarane som er funne, stammar frå merovingertida. (År 550-800 etter Kristus.) Frå mellomalderen (år 1050-1550 etter Kristus) er det funne ein spiralforma navar på Bryggen i Bergen. Det har vore laga navrar i ulike storleikar alt etter kva dei skulle brukast til. Tverrmålet øvst på skjeret kunne variera frå ca 3,3 mm til ca 80 mm. Navaren kunne laga konehol (hol som smalnar av) når ein ikkje borar heile skjeret tverst gjennom enmnet. Dette er sers viktig å få til i mange samanhengar der til dømes trenaglar eller rivetindar skal inn i hola. Det har vore vanskeleg å få laga slike navrar maskinelt og truleg er dette ein av grunnane til at handverket har fått slik omfang og i nyare tid.

Navarsmiing i Meland:

Midt på 1800- talet står Ole Bastesen frå Gaustad fram som ein "stamfar" til navarsmedhandverket i Meland. Frå ca 1880 til 1920 var talet på navarsmedar oppe i over 20. I 1920- og 1930 åra gjekk produksjonen av navrar ned ein del, men frå 1945 og eit stykke ut på 1950- talet var det ei ny oppgangstid. I denne perioden var nok årsproduksjonen på det høgste, men det er vanskeleg å vita kor mange tusen navrar som årleg vart sendt utover heile landet på denne tida. Nye hjelpemidlar som til dømes lufthammaren kom og dette førte mellom anna til at i ei smie kunne ein få til fleire heilårs arbeidsplassar. Reiskapen vart etter kvart så godt kjend at den ofte vart omtala som "strilebor." I åra 1990-1992 gjennomførde Meland kommune i lag med Norsk Handverksutvikling eit opplæringsprosjekt der ein yngre mann fekk læra seg handverket. Samstundes fekk ein og dokumentert handverket så langt det let seg gjera med dei ulike hjelpemidla ein då hadde til rådvelde.

Det er framleis i 2014 etterspurnad etter navrar og 4-5 personar i Meland kan laga eller heldt på og lærar seg å laga denne reiskapen.

For den som vil vita meir om navarsmiinga, kan boka "Navarsmeden" kjøpet i Rådhuset på Frekhaug. Boka som er på 150 sider med mange foto og illustrasjonar, er skriven av Tine Eikehaug og kom ut i 1997.

 

(Tekst: Arnt Svein Brakstad)

Navar
Navar
Web levert av CustomPublish