Du er her: Start
Kommunegrenser i framtida ?

Kommunegrenser i framtida ?

Kommunereform i Nordhordland

Hausten 2014 vart alle norske kommunar invitert til å delta i ei omfattande reform, der målet er å flytte makt og ansvar til større og meir robuste kommunar.

Kommunestruktur har stått på agendaen til dei folkevalde i Meland og regionrådet for Nordhordland i fleire år. Region Nordhordland legg fortløpande ut informasjon om kommunereforma på si heimeside. Du kan lese meir om dette her

I Meland har politikarane hatt oppe saker om kommunesamanslåing. I tillegg har regionrådet bestilt ein del utgreiingar og analysar, som er svært relevante for den vidare prosessen.

Målet med denne sida er å gi politikarar og innbyggjarar i Nordhordland tilgang til historiske vedtak, rapportar, sentrale råd og retningsliner - samt eit innblikk i den vidare regionale prosessen.

Sida skal vere eit lokalt supplement til Kommunal- og moderniseringsdepartementet sine eigne sider om kommunereforma. Her kan du mellom anna følgje med på siste nytt om kommunereforma i media, og sjå kva milepæler regjeringa har lagt opp til.

Prosess kommunesamanslåing.gif

Departementet sine informasjonssider og andre sentrale lenker finn du i menyen til høgre på sida. Les du saka på mobil, finn du lenkene i ein boks under artikkelen.

 

 

Web levert av CustomPublish