Knoppurt

Knoppurt Kristin Vigander ©Kristin Vigander

Kommuneblomsten vår

Meland kommunestyre gjorde den 12.12.12 vedtak i sak KS- 115/12, at blomsten "Svartknoppurt" ("Centaurea nigra") skal vere Meland kommune sin kommuneblomst.

Sakshandsamar Arnt Svein Brakstad skriv i si vurdering m.a: "Sidan "Svartknoppurt" enno er ein vanleg plante å sjå i delar av Meland kommune, kan det høva å velgja den som kommuneblomst. (...) Det er sjølvsagt vanskeleg å vita korleis plantelivet vil endra seg i kommunen, men truleg vil "Svartknoppurt" vera ein ganske vanleg plante i Meland dei næraste ti til tjue åra."

Les heile saka her

Fakta om "Svartknoppurt":

"Svartknoppurt, fleirårig planteart i kurvplantefamilien. 30–70 cm høg, heile eller bukttaggede blad og brunsvarte kurvdekkblad med lange frynser. Raude blomster, men manglar kantkroner som er vanlig hjå mange andre knoppurtarter". (Store norske leksikon)

Bilete i artikkelen; Copyright: Kristin Vigander

Web levert av CustomPublish