Kommunalt beredskapsarbeid - kommunal kriseleiing

Meland kommune har som overordna målsetjing for beredskapsarbeidet at vi skal ha eit trygt lokalsamfunn og ein sikker kvardag for den enkelte innbyggjar. Vidare skal kommunen ha eit tenestetilbod som også fungerer ved uventa hendingar.

Viktige dokument om beredskap er samla i ein eigen perm/handbok, sjå vedlagte innhaldsliste for denne. Det ligg m.a. føre tiltaksplanar for drift av sårbare område som   vassforsyning  og  straum og også planar drift av Meland sjukeheim og Meland heimeteneste i ein krisesituasjon.  Andre viktige overordna planar er smittevernplan, informasjonsplan og atomberedskapsplan.

Kommunal kriseleiing (KKL - Varslingsliste) vil spele ei heilt sentral rolle dersom ein krisesituasjon skulle oppstå. Det er ordførar som er den formelle leiaren av KKL, medan rådmannen har ansvar for den praktiske leiinga og er møteleiar når KKL er samla. Ordførar og rådmann varslar kvarande gjensidig, og rådmannen organiserer så den vidare varslinga av aktuelle medarbeidarar/andre instansar.

Overordna ROS-analyse (risiko og sårbarheit) vart gjennomført i 2013
Kommunen har innført varsling av innbyggjarane per sms

Web levert av CustomPublish