Forlenga svarfrist til 7. juni !

Kartlegging av sykkelbruk - elektronisk spørjeundersøking

Meland, Lindås, Fjell og Os kommune gjennomfører ei spørjeundersøking for å kartlegga sykkelvanar og haldningar blant innbyggarar og eigne arbeidstakarar. Det har diverre vore tekniske problem knytt til spørjeundersøkinga om sykkelbruk denne veka. Problema skal no vera løyst, og svarfristen er forlenga til 07.06.17. Vonar de tek dykk tid til å svara! Under informasjon frå leverandøren:

"Mandag 1/5 fikk du tilsendt en spørreundersøkelse med mål om å kartlegge sykkelvaner og -holdninger blant innbyggerne i Fjell, Lindås, Meland og Os kommune. Undersøkelsen skulle videresendes til ansatte i din bedrift. I perioden søndag 7/5 til i dag torsdag 11/5 har denne undersøkelsen vært utilgjengelig grunnet en teknisk feil hos Questback." 

Den tekniske feilen er nå rettet, og du og dine kollegaer kan igjen besvare undersøkelsen fra samme link du mottok for distribusjon mandag 1/5 (her: https://response.questback.com/analysestrategi/kyzl7ivsnb).

Tilbakemeldingane vil hjelpa kommunane til å bli betre til å leggja til rette for sykkelbruk i kvardagen. 

Undersøkinga tek 5-7 minutt, og svara vert handsama anonymt. Fokus er på hovudsykkelvegene i kommunane, men det er også høve til å gje tilbakemelding om andre stadar. Svar kan sendast frå  pc, mobil eller nettbrett. Undersøkinga vert gjennomført av rådgjevingsselskapet Multiconsult - Analyse & Strategi.

Dei som gjennomfører heile undersøkinga er med i trekninga av ein el-sykkel (verdi kr 20.000,-). Frist er 07.06.17. Du som respondent kan gje innspel til konkrete strekningar og områder fleire gonger i løpet av perioden.

På førehand takk for hjelpa!

 

 

 

Sykkel_spørreundersøking
Sykkel_spørreundersøking
Web levert av CustomPublish