Innsyn/ Postliste

Her finn du Postliste, Møteplan politiske møte, Saker, Dokument, Avdelingar og Personar.

 

Offentleglova sitt utgangspunkt er at alle dokumenta i forvaltninga er offentlege. Unntak frå innsyn krev særskilt heimel i bestemmelse som er gitt i lov eller i medhald av lov. 

Kjerneområdet for offentleglova er institusjonar og verksemder som er ein organisatorisk del av den statlege, kommunale eller fylkeskommunale forvaltninga. Einkvar kan hjå vedkomande forvaltningsorgan kreve å få gjere seg kjend med det offentlege innhaldet av dokument i ei bestemt sak. Det samme gjeld journal og liknande register og møtekart til folkevalde organ i kommunar og fylkeskommunar.

Sjå også: Offentlegforskrifta og Veileder til offentlighetsloven

All arkivverdig post går til dokumentsenteret for journalføring og skanning, og vert gjort tilgjengeleg på nett. Dokument med innhald som er underlagt teieplikt vil ikkje bli tilgjengeleg på nett. Det same gjeld for dokument som kjem inn under unntaksreglane i offentlegheitslova. Saker og dokument for enkelte tenesteområde vert skanna og journalført i eige fagprogram og i medhald av lov ikkje publisert på nett. (§7 i forskrift til Offentleglova)

Rutine postliste:

Kommunen handterer større mengder post/dokument til postmottak som skal sorterast, skannast, journalførast og kontrollerast før dei vert publisert ut. Også all utgåande korrespondanse som er ekspedert frå sakshandsamar skal kontrollerast før det vert publisert. Det ligg difor inne ei «forseinking» på 5 dagar + helg før journalførte dokument vert publisert ut. Meland kommune kjører/publiserer postliste alle arbeidsdagar. 

Sakshandsamingstid for innsyn

Krav om innsyn skal avgjerast så raskt som mogleg. Det vil normalt gå ein til tre arbeidsdagar, men det kan av ulike årsaker også gå lenger tid, men då skal det sendast førebels svar. 

Høve til å klage 

Du kan rette skriftleg klage til kommunen. Dersom ditt krav om innsyn blir avslått, skal kommunen syne til den paragrafen som er grunnlaget for avslaget. Kommunen skal også opplyse om høve til å klage og klagefristen. Alle avslag skal innehalde ei grunngjeving.

Dersom kommunen held fast på vedtaket om avslag, kan dette klagast inn for Fylkesmannen. Fylkesmannen er klageinstans, men klagen skal sendast til kommunen. Klagen skal avgjerast så snart som mogleg.

I samband med handsaming av klagen kan Fylkesmannen også bestemme at dokumentet skal gjerast kjend - heilt eller delvis etter regelen om meirinnsyn.

Kommunen si Facebookside:

Facebooksida vår er ikkje ein arena for saksbehandling. Dersom du har spørsmål om ei konkret sak ber vi om at du tar kontakt med oss på tlf 5617 1000 eller på e-post: postmottak@meland.kommune.no 
Web levert av CustomPublish