Kick off

Inkluderingskontaktar

Idrettsrådet, Meland Frivilligsentral og tenesteområde kultur startar no eit felles prosjekt for å få alle klubbar i idrettslaga, grendalag, musikkkorps, ungdomsorganisasjonar og alle andre frivillige lag og organisasjoner i Meland til å peike ut ein eller fleire inkluderingskontaktar i sin organisasjon.

Ein inkluderingskontakt er ein «grei person med telefon» som kan kontaktast av barn, unge eller foreldre som treng litt hjelp til å finna fram i lag og organisasjonar. Grunnen til dette kan væra handikap, psykiske utfordringar, at ein ikkje er kjend med korleis det frivillige arbeidet føregår, eller det kan være fordi alt er nytt og ein treng ei tryggheit i å blir vist rundt og introdusert.

Kva gjer ein inkluderingskontakt?

  • Kontaktperson: svara på henvendelsar frå dei som ønskjer informasjon om aktiviteten.
  • Møta og visa rundt: ta i mot, vise fasilitetar og introdusere vedkomande til i klubben og vise dei rundt første gong dei kjem.
  • Introdusera: sørgje for kontakt mellom personar (ellerpårørande/ tenester) og den rette personen/trenaren i din organisasjon – og gjerne til andre slik at ein kjenner nokon.
  • Komme med idear: gjerne bringe idear til styret som gjerdet lettare for dei som ikkje er med å bli med, og for dei somer nye å trivast og føle seg velkommen.

Vi ønskjer å gje påfyll til internt arbeid i klubbane om korleis ein skal ta imot nye medlemmer og få dei til å føla seg velkommen og inkludert frå første stund. Vi vil belyse kor viktig dette arbeidet er og vise at vi set pris på dei som jobbar med dette. Her i Nordhordland er mange av dei sosiale møteplassane i dei frivillig laga og organisasjonane, og derfor er det ekstra viktig å arbeide for å få nye grupper med på laget. Slik lager vi eit samfunn for og med alle.

Registrering og påmelding

Du kan melde deg via denne linken på eit enkelt skjema som tek 1 minutt å fylle ut:
https://goo.gl/forms/WTpIPhwsL9VNLBSm1

Du kan også melde frå på e-post: frivilligsentralen@meland.kommune.no
For meir informasjon om inkluderingskontakt sjå: www.meland.frivilligsentral.no 

Prosjektet blir støtta av Sparebanken Vest

Web levert av CustomPublish