Informasjon frå fastlegekontora

Både ved Helsenaustet legepraksis og Frekhaug legesenter vert det endringar i forhold til fastlegeordninga.

Lege Stine Alp byrjar i november i nyoppretta heimel som fastlege ved Helsenaustet legepraksis. Heimelen vert open for nye listepasientar. Alp er spesialist i barnesjukdomar, og under spesialisering i allmennmedisin. Lege Grete Wold vil samstundes redusere pasientlista med 200. Desse vil få Alp som ny fastlege. Alp vil fram til 1. mars 2018 også delvis fungere som vikar for lege Erling Rud.

Ved Frekhaug legesenter vil lege Tord Moltumyr redusere pasientlista med 50. Desse vert overført til lege Henny Rosså Stokke ved same kontor.

Kven som får ny fastlege vert avgjort tilfeldig hjå Helfo. Dei innbyggjarane det gjeld får brev frå Helfo om endringa. På https://minhelse.helsenorge.no finn du informasjon om fastlegeordninga, og korleis du kan byte fastlege. Ein kan og ringje Helfo på telefon 800 43 573.

Web levert av CustomPublish