Vaksinering

Forskning.no ©Foto: forskning.no

Influensavaksinering 2018

Kommunen har tilbod om influensavaksinering for personar i risikogruppene. Vi har drop-in dagar for personar i risikogruppene. På desse dagane er vi ekstra bemanna med personell.

Oppmøte: Meland rådhus, Frekhaug legesenter, ambulanseinngangen, klokka 10.00 - 14.00 følgjande dagar:

  • Fredag 2. november
  • Måndag 5. november
  • Tysdag 6. november

Utanom desse dagane vil det likevel vere høve til å få sett vaksinen hjå sin fastlege, så langt kapasitet og lager held. Både Frekhaug legesenter og Helsenaustet legepraksis vil ha vaksinar tilgjengelege.

Pris: kr 130,-

Følgjande grupper er definert som risikogrupper, og er anbefalt vaksine:

  • Alle frå fylte 65 år
  • Folk som bur i omsorgsbustad og sjukeheim
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester)
  • Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko
  • Personar med regelmessig kontakt med levande gris
  • Barn og vaksne med:
    • diabetes mellitus, type 1 og 2
    • kronisk luftvegssjukdom
    • kronisk hjarte-/karsjukdom
    • kronisk leversvikt
    • kronisk nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • nedsett infeksjonsforsvar
    • overvekt (BMI over 40)
    • visse andre sjukdomar, etter konkret vurdering.

Personar som ikkje tilhøyrer risikogruppene vil kunne få vaksine etter at vaksinedagane er gjennomført. Vaksine vert då seld ut til lageret er tomt. Meir informasjon om influensavaksine finn ein på www.fhi.no

Helsepersonell med pasientkontakt er og tilrådd vaksine for å unngå spreiing av sjukdom til pasientar. Vaksinasjon for denne gruppa organiserast oftast frå arbeidsgjevar.

Pneumokokkvaksine

Individ med visse formar for immunsvikt vert tilrådd vaksine mot pneumokokkar («hissig lungeinfeksjon») kvart 5. -10. år. Slik vaksine kan settast etter tilråding frå lege. Helsetenesta har eit mindre lager av denne vaksinen. Pris kr 300,-.

 

- Kommuneoverlegen i Meland

 

Web levert av CustomPublish