HR-teamet

HR- teamet er sett saman av personal- og organisasjonssjef, organisasjonsrådgjevar og personalkonsulent.

Teamet, som er sett saman av organisasjonsrådgjevar, personalkonsulent og personal- og organisasjonssjef, har m.a. ansvar for utvikling av kommunen sin arbeidsgjevarpolitikk og etablering av effektive verkty og system innan personalforvaltning og personalleiing.

HR-teamet har også ansvar for overordna forvaltning av avtaleverket mellom dei lokale partane i arbeidslivet, t.d. lokale lønsforhandlingar. Rekrutteringsprosessar vert koordinert av teamet, og dei har også ansvar for utvikling av kommunen sitt kvalitetssystem, t.d. innan HMT-feltet.

Dei gjev elles fagleg støtte til tenesteområdeleiarane i utøvinga av deira arbeidsgjevarrolle.

Web levert av CustomPublish