Høyringar og offentleg ettersyn

I samband med handsaming av ulike sakstilhøve er kommunen pålagt å søkje medverknad eller innspel frå offentlege organ, bebuarar, eigarar, lag og organisasjonar m.fl.

 

Dette kan gjelde større einskildsaker som kommuneplan og handlingsprogram eller reguleringsplanar og mindre tilhøve der både dei som kan bli direkte råka og dei som kan ha rettsleg interesse, vert varsla. Vidare kan det i nokre tilhøve vere rett og naudsynt å leggje tilrette for offentleg debatt.

Alle høyringar/ offentlege ettersyn som er lagt ut, kan det sendast inn merknad eller innspel på. Innkomne uttaler er i utgangspunktet offentlege og vil bli tilgjengelege i den einskilde sak.

Sjå venstremeny for meir informasjon.

Web levert av CustomPublish