Hjartestartarregisteret_logo

Hjartestartarregisteret_logo

Førebels oversikt - hjartestartarar i Meland kommune

Her er ei førebels oversikt over hjartestartarar i kommunen. Det er no oppretta eit offentleg register - "Finn hjertestarter" - der eigarar av hjartestartarar vert oppmoda om å registrere eigen hjartestartar. Det tar kun 5 minutt å registrere hjartestartaren og då kan hjartestartaren hjelpe fleire i ditt nærområde, dersom nokon plutseleg og uventa får hjartestans. For meir informasjon om hjartestartar, sjå NRR (Norsk Resuscitasjonsråd)

Drømmehagen barnehage
2. etg - personalgangen. Opningstider kl. 07.00-17.00

Idrettsanlegget i Leirdalen
Hjartestartar heng i eit ope skåp i gangen i 1. etasje.

Max Fitness Treningssenter i Frekhaug senter, like ved resepsjonen ved hovudinngangen.

Meland Aktiv
Hjartestartar heng i foajeen i Meland Aktiv og er plassert i eit skåp som er ope. Det finst også ein plakat som informerer om bruk.

Meland Golf
Meland golfklubb, i gangen ved proshop

Meland sjukeheim - eldresenteret
Hjartestartar heng i gangen utanfor inngangen til Eldresenteret

Meland sjukeheim - avdeling "Solkroken" (korttidsavdeling)
"Solkroken" sitt legekontor

Omsorgsbustadane på Rossland, fellesarealet. Er synleg inn vindauga. Er plan om å sette opp skilt. Ope mellom kl. 08.00-22.00.

«Nordavinden» - tidlegare Husebø bedehus
Hjartestartar heng i varmeskåp på utsida av bygget  rett ved inngangsdøra. Er synleg frå bilvegen,  - det er planar om å setje opp skilt i vegen.

Vestbygd skule
Nordre Holsnøy Idrettslag  har plassert ein hjartestartar  i gymsalen på skulen.

 

 

 

Web levert av CustomPublish