Lukas og mamma Jeanett

Lukas og mamma Jeanett

Hels på innbyggjar nr. 8000!

Meland kommune vil ønskje velkommen til innbyggjar nr. 8000 i kommunen, Lukas Berge Stusdal.

Lille Lukas kom til verda 4. desember 2016 og bur på Erstad saman med foreldra og storesystera som er to år. Foreldra seier han er ein grei gut som søv litt og et litt, stort sett heile døgnet.

Fredag i førre veke var ordføraren på besøk hos familien for å gratulere den vesle melanduen som innbyggjar nr. 8000, og for å overrekkje kake og blomar.

Famililien har budd i Meland kommune i kring tre år, då dei flytta hit frå Åsane. Mora, Jeanett Berge, er opphaveleg frå Baldersheim i Fusa, medan faren, Bjørnar Stusdal, er frå Romarheim i  Lindås. Dei seier dei trivs godt i Meland kommune, dei bur landleg til, men set pris på at det likevel er kort veg til ulike servicefunksjonar, både innanfor og utanfor kommunen.

Det offisielle innbyggjartalet i kommunen er no 8021.

Alle foto: Tom Inge Karlsen

Innbyggjar nr 8000, Lukas Berge Stusdal, saman med ordførar Øyvind Oddekalv, pappa Bjørnar og mamma Jeanett
Innbyggjar nr 8000, Lukas Berge Stusdal, saman med ordførar Øyvind Oddekalv, pappa Bjørnar og mamma Jeanett
Lukas saman med pappa, storesøster, mamma og ordførar Øyvind Oddekalv
Lukas saman med pappa, storesøster, mamma og ordførar Øyvind Oddekalv
Web levert av CustomPublish