Heimesjukepleie

Søknad om heimesjukepleie kan tildelast etter fagleg vurdering av behov. Heimesjukepleie er eit heildøgstilbod til alle aldersgrupper som treng behandling, pleie og omsorg i heimen både av fysisk og psykisk art.

Tiltak som informasjon, støtte og rettleiing kan også vere naudsynt for å styrke den enkelte brukar sin evne til å delta i eigenomsorga

Ved vurdering av søkjar sine behov for hjelp legg ein særskilt vekt på:

  • om søkjar ut frå ein sjukepleiefagleg heilskapleg vurdering er heilt eller delvis avhengig av helsehjelp for å ivareta sine grunnleggjande behov

  • om søkjar er avhengig av hjelp til legemiddelhandtering, ulike typar prøvetaking, stell av sår m.m

Tilbodet om teneste vert sett i samanheng med anna hjelp søkjar ev mottek frå kommunen. Det vert fatta enkeltvedtak ved tildeling av tenesta. Tenestetilbodet er gratis.

For å søke om heimesjukepleie kan ein ta kontakt med heimetenesta. Søknad bør sendast på eige søknadsskjema,- det finn du under "sjølvbetjening" og det bør ligge ved ein utfyllande legeerklæring om helsetilstand.

Du kan også legge frem ein munnleg søknad og heimetenesta kan hjelpe deg med å få fatt i dei opplysingane dei treng for å handsame søknaden. Alle søknadene vert vurdert med eit heimebesøk frå tenesta.

Web levert av CustomPublish