Grasdal skule

Skulen vår ligg fint til med natur- og skogsområder i Austebygd på Holsnøy, Meland kommune. 

I august 2017 er me 156 flotte elevar i 1. - 7.årssteg, fordelt slik: 

1.klasse  27
2.klasse  22
3.klasse  23
4.klasse  29
5.klasse  12
6.klasse  27
7.klasse  17

Det er 28 tilsette ved skulen.

På Grasdal SFO er det ca 64 barn som er påmeldt.

Vi har tilbod om leksehjelp for 3. 4.og 5. årssteg. Vi har fysisk aktivitet for 5.-7. klasse kvar veke.

Visjonen vår er: Likeverd og samarbeid i eit stimulerande læringsmiljø

Vi er ein Zero-skule, og bruker Zero-handlingsplan som antimobbeprogram. Vi har overordna mål i kommunen om å minske antal elevar som opplever mobbing og plaging.  

Skulen vår har deltatt i prosjektet Betre Læringsmiljø med viktige mål innan klasseleiing, reglar og konsekvensar, relasjonar og læringstrykk.

Vi brukar Trivselsprogrammet for å auke aktivitet og trivsel i friminutta.

Vi har overordna mål i kommunen: 
- å betre lesing som grunnleggande ferdigheit. Lærarane arbeider med å betre kompetanse og metoder mellom anna med verktøyet LESELOS. Vi skal arbeide med tilpassa opplæring.

Motto for skuleåret 2017-2018:  «Alltid eleven sitt beste», «Tid til å tenke», «Læringsdialog i kvar økt».

Frå skuleåret 2016-2017 er Meland kommune også ei realfagskommune, og Grasdal skule har eigen handlingsplan for satsing på realfag.  

 
Web levert av CustomPublish