Frekhaug legesenter

Det er to legesentre med fastlegeavtale i kommunen: Frekhaug legesenter på rådhuset som er kommunalt og Helsenaustet legepraksis (privat i Frekhaug senter).

Ved akutt fare for liv: ring 113 (AMK sentralen)

Sentrale tilbod frå legetenesta

  • Allmennpraksis innan rammane for fastlegeordninga
  • Øyeblikkeleg / akuttmedisinsk hjelp på dagtid
  • Jordmortenester
  • Offentleg arbeid innan offentlege tenester som t.d. helsestasjon, sjukeheim, smittevern, miljøretta helsevern

Kven er vi?

Frekhaug legesenter har 6 fastlegar med fastlegeavtale med Meland kommune. Vi har og fast plass for éin turnuslege. Vi har jordmor tilstades to dagar i veka. Saman med Helsenaustet legepraksis har vi og ansvar for daglegevakt for kommunen sine innbyggjarar. Vi har og avtale med Universitet i Bergen om studentundervisning og studentutplassering. Frekhaug legesenter samarbeidar med Helsenaustet legepraksis om akutthjelp, samt ved fråvær, avvikling av ferie m.v.

Kva kan du forvente?

  • - Allmennpraksis innan rammane for fastlegeordninga.
  • - Øyeblikkelig / akuttmedisinsk hjelp på dagtid 0800-1530 utfrå medisinsk behov.
  • - Svangerskapskontrollar og jordmortenester.
  • - Å bli møtt på ein venleg og respektfull måte.
  • - Bli møtt av kompetent fagpersonell som held seg fagleg oppdatert.
  • - At du blir tatt med på råd om utgreiing og behandling.
  • - At du får tilbakemelding ved unormale prøvesvar.
  • - At personalet samarbeider til det beste for deg som pasient.
  • - At vi samarbeidar med andre kommunale helsetenester der det er naudsynt, som helsestasjon, avd. for psykisk helse, heimetenestene, fysioterapeutane m.fl.

Kva forventer vi av deg som pasient?

  • - At du møter presis til avtalt time.
  • - At du gir beskjed i luka ved endring av navn, adresse, telefonnummer eller arbeidsgjevar.
  • - At du gir beskjed så snart du har fått frikort. Dette får vi ikkje automatisk beskjed om frå Helfo.
  • - At du betalar før du går, i betalingsmaskinen på venterommet. Kontant eller med bankkort (gebyr kr 5).
  • - At du avbestiller timen seinast 24 timar før, dersom du ikkje kan møte.
  • - At du viser tålmod ved forseinkingar. Av og til er pågangen stor, eller andre har behov for akutthjelp. Neste gang kan det vere du som treng litt ekstra tid.

Om klage

Ved klage på medisinsk behandling vil Fylkesmannen i Hordaland vere overordna klageinstans. Dei fleste klagar kan imidlertid løysast på eit lågare nivå. Dersom du ikkje er nøgd med oppfølginga bør du ta saka opp med den legen det gjeld. I neste runde kan saka eventuelt meldast til kommuneoverlegen. Du har og rett på ei fornya vurdering ("second opinion") hjå ein annan fastlege, utan å måtte klage. Kommunen si overordna administrative og politiske leiing har ansvar for tilstrekkjelege ressursar og kapasitet i fastlegeordninga og den øvrige kommunale helsetenesta. Krav om økonomisk erstatning for feilbehandling i kommunen eller sjukehus rettast til Norsk Pasientskadeerstatning.

Andre opplysningar

Systemfaglig ansvarleg for legetenesta er kommuneoverlege Tord Moltumyr

E-post

Vi har ikkje godkjent løysing for bruk av e-post. Vi tilrår difor ikkje  å ikkje sende sensitiv informasjon på e-post. Kommunen vart tilkopla Norsk Helsenett i desember 2009.

Web levert av CustomPublish