Frekhaug helsestasjon

Målsettinga er gjennom helsestasjons- og skulehelsetenesta å fremja psykisk og fysisk helse fremma gode sosiale og miljømessige forhold samt og førebyggja sjukdomar og skader.

Frekhaug helsestasjon er open frå kl.08 - 15.30 mandag til fredag.

Tilbod:

Helsestasjon:

  • Heimebesøk etter fødsel
  • Rutinemessige barnekontollar
  • Barnekontroll med lege
  • Vaksinasjon
  • Tid til familierettleiing er prioritert.
  • Barselgrupper med helsesøster/jordmor
  • Småbarnstreff på Eldresenteret torsdagar kl. 10.30 - 13.30

Skulehelsetenesta:

  • Vaksinasjon
  • Helsekontrollar
  • Enkeltsamtalar med- og oppfølging av elevar med ulike behov
  • Helsesøster har faste kontordagar på barne- og ungdomsskulane
  • Helsesøster har grupper og deltar i undervisning på skulane

Målgruppe:

Barn og unge 0-20 år busett i Meland kommune

Svangerskap og fødsel:

Kommunen har tilsett jordmor i 50 % stilling. Målsetjinga er å gje gravide tilbod om svangerskapskontrollar hjå både jordmor og lege. Tilbodet gjeld dei som er busett i kommunen, og dei gravide som har fastlege i kommunen.

Tilbod:
  • Svangerskapskontrollar i samarbeid med lege.
  • Jordmor heim etter fødsel (prøveprosjekt frå hausten 2011).
  • Oppfølgjing av mor og barn den første tida etter fødsel.

Tilbodet gjeld i normal arbeidstid. Jordmor samarbeidar tett med helsesøster eller lege der det er ønskjeleg. Svangerskapskontrollane føregår på fastlegane sine kontor. Oppfølgjing etter fødsel kan føregå på legekontor eller Frekhaug helsestasjon.

Pris:

Kontrollar hjå jordmor er gratis. Vi vil ta litt betalt for eventuell bruk av materiell, medikament og utstyr som normal ikkje inngår i konsultasjonane (kun til kostpris).

Fødsel:

Helse Bergen (Haukeland Universitetssjukehus) har ansvar for fødselshjelp og følgjeteneste ved fødsel.

Andre aktuelle tenester:

BUP Nordhordland: 56 34 33 00

Web levert av CustomPublish