Dinutvei.no - Nasjonal vegvisar ved vald og overgrep

Vald i nære relasjonar, overgrep og valdtekt kan ramme menneske uansett alder og kjønn. Ikkje alle veit kva slags hjelp dei kan få, eller kvar hjelpa finnast. Mange ønskjer også meir kunnskap om vald og overgrep.

Dinutvei.no gjev oversikt over ulike hjelpetilbod, der man er eller over heile landet. På dinutvei.no finn du også informasjon, fagstoff og ei rekke spørsmål og svar-teneste, der du kan stille spørsmål og få svar anonymt eller på e-post.

Vegvisaren gjev oversikt og informasjon til utsette for vald, overgrep og valdtekt, pårørande og bekymra, dei som utøver vald, og til fagpersonar.

Dinutvei.no er utvikla av Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet, og er ein del av regjeringa si innsats for å førebyggje vald i nære relasjonar. 

dinutvei
Web levert av CustomPublish