Delar av Frekhaug kai stengd for parkering frå 06.10.17

Meland kommune er godt i gang med å etablere gangveg frå ny innfartsparkering på Varnappen til Frekhaug kai. Strekninga nærast Frekhaug kai vil bli opparbeidd i oktober, og det vil ikkje vere mogleg å parkere på høgre sida av Havnevegen/Frekhaug kai. 

Når fortauet er ferdig vil det bli parkering forbode på same strekning. Område er vist i rødt på kartet. Den samla parkeringskapasiteten for pendlarar vil bli vesentleg betre ettersom den nye parkeringsplassen ved Varnappen har 54 nye parkeringsplassar. Seks av desse vil også få ladepunkt for elbilar etterkvart. 

Web levert av CustomPublish