Dagsenter for eldre

Dagsenter er eit tilbod til eldre heimebuande i Meland kommune. Senteret er lokalisert på Meland sjukeheim.

Brukarane av dette tilbodet må søkje om plass og få det stadfesta med eit vedtak. Her får dei frukost og middag, trim og andre aktivitetar samt sosialt samvær.

Målsetting for tilbodet er å:

  • Skape kontakt mellom heimebuande og brukarane på institusjonen.
  • Gje tilbod om aktivitetar og service.
  • Bryte einsemd og etablere kontakt.
  • Avlasting til pårørande
  • Lage eit miljø det tryggleik og glede står i fokus.

Ordninga er ikkje heimla i lovverk som ein rett, men Meland kommune vurderer opphald etter søknad. Forvaltningslova sine reglar gjeld for sakshandsaming Du kan ta kontakt med heimetenesta eller kommunen tlf 56 17 10 00 for å få tilsendt søknadsskjema eller du kan finne det under "Sjølvbetjening/ skjemaoversikt". og i høgremeny under "Relatert informasjon."

 

Web levert av CustomPublish