Bustøtte

Dersom du ønskjer å søkjer bustønad kan du ta kontakt med NAV Meland på tlf 55 55 33 33.

Kva er bustøtte?

Bustøtte er ei behovsprøvd statleg støtteordning for deg som har låg inntekt og høge bukostnader. Husbanken og kommunen samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtak, men det er kommunen som behandlar søknadene og har all kontakt med deg som søkjar.

Kvar finn du bustøttekontoret i kommunen?

NAV Meland, Meland rådhus, Havnevegen 41, 5918 Frekhaug. Tlf. 55 55 33 33

Sjekk om du kan få bustønad

På Husbanken sine heimesider kan du sjå kven som kan få bustønad, kva krav som gjeld for bustaden og kva inntektsgrense som gjeld. Du kan også prøve bustønadkalkulatoren.

Søk bustønad

Søknadsfrist for bustønad er den 25. i kva månad. Utbetaling skjer ca. den 20. i påfølgjande månad. Dersom du får innvilga bustønad vert søknaden din overført til neste månad. Dersom du får avslag fordi du har høg inntekt ein månad, vert søknaden din overført til neste månad automatisk.

Meld frå om endringar

Du har plikt til å melde frå dersom det er endringar i nokon av opplysningane du har gitt i søknaden. Sjekk alltid at det er brukt korrekte opplysningar i vedtaket du får.

Klage på vedtak om bustønad

Dersom du meiner noko er feil i vedtaket kan du klage innan 3 veker etter at du mottok vedtaket.

Meir informasjon

Du finn meir informasjon om bustøtte på Husbanken sine heimesider. Du kan også vende deg til NAV Meland for å få hjelp og veiledning.

Regelverk:

 

 

Web levert av CustomPublish