Brannvern

Lindås og Meland kommunar har etablert interkommunalt brannvern som er leia av brannsjef Karl Johannes Romarheim, tlf 408 41 270. Brannstasjonen ligg på Alverflaten, nord for Knarvik.

 

Brannvernet er eit interkommunalt samarbeid der Lindås kommune er vertskapskommune.

Brannvernet har følgjande avdelingar og oppgåver:

Lindås og Meland brannvern (LMB) operativ avdeling. LMB operativ avdeling er dei som har døgnkontinuerlig beredskap og rykkjer ut for å redde liv og verdiar ved brann og ulykker av alle slag i kommunane.

Leiar for denne avdelinga er Nils Medaas 959 25 224

Varsling av brann og andre akutte hendingar skjer til felles alarmsentral for Hordaland, som ligg i Bergen, tlf. 110.

I tillegg gjev brannvesenet løyve til bruk av ild utandørs. Dersom du har spørsmål om bål og bråtebrenning kan du ta kontakt på tlf 918 61 247. Brannvesenet yter også tenester ved andre uønska hendingar som: mindre oljesøl, flaum/ overvant, ras, båthavari (mindre båtar) og leiteaksjonar m.m.

 

Førebyggjande avdeling:

Avdelinga er leia av Ole Johan Ingebrigtsen og består av to fagseksjonar:

1) Nordhordland og Gulen interkommunale brannførebyggjande avdeling (NGIB). NGIB driv tilsyn med større bygg og held brannførebyggjande motivasjons- og informasjonsarbeid i 8 kommunar. Kontaktperson er Ole Johan Ingebrigtsen, tlf. 56 37 56 90/ 92 02 71 92.

2) Feiaravdelinga
Avdelinga driv skorsteinsfeiing og brannførebyggjande tilsynsarbeid i bustadane i Lindås og Meland. Kontaktpersoner på denne fagseksjonen er Ole Johan Ingebrigtsen, tlf. 56 37 56 90/ 92 02 71 92.

 

 

Web levert av CustomPublish