Borgarleg vigsel

domstol.no ©domstol.no

Borgarleg vigsel i Meland kommune

Mange par ønskjer å gifte seg borgarleg. Frå 1. januar 2018 overtar kommunane denne oppgåva. På desse sidene finn du nyttig informasjon om korleis du skal gå fram for å kunne gifte deg borgarleg i Meland kommune. I all hovudsak vil borgarlege vigslar i Meland kommune skje på rådhuset, i formannskapssalen.

Prøvingsattest
For å inngå ekteskap i Noreg, må det først vurderast om ekteskapsvilkåra er oppfylte. Dette vert kalla prøving av ekteskapsvilkåra og vert gjort av folkeregisteret ved det regionale skattekontoret. På bakgrunn av prøvinga, vil folkeregisteret kunne skrive ut ein prøvingsattest. Denne er gyldig i 4 månader frå utskriving. Alle spørsmål knytta til prøvinga, samt  nødvendige skjema, finn de på skatteetaten si heimeside.

Andre krav til dokumentasjon
Brudefolket må vise fram legitimasjon til vigslar på vigselsdagen. Vi godtar gyldig pass (ikkje naudpass), norsk førarkort og bankkort med bilete og personnummer.

Korleis bestille tid for vigsel?
Når de har fått tilsendt original prøvingsattest frå folkeregisteret, kan de bestille tidspunkt for vigsel ved å nytte skjemaet «Bestilling av vigselsseremoni  i Meland kommune». Utfylt skjema kan de sende til postmottak@meland.kommune.no . De må samstundes levere den originale prøvingsattesten i resepsjonen på rådhuset, Frekhaug  eller sende han i vanleg postgang til Meland kommune, postboks 79, 5906 FREKHAUG. (Ein skanna kopi på e-post vil  etter lovverket ikkje bli godtatt). Hugs at prøvingsattesten må vere gyldig på vigselstidspunktet. Vi sender skriftleg stadfesting av tidspunkt for vigselen.

På kva for dagar kan vi gifte oss?
Med atterhald om vedtak i kommunestyret vil det bli lagt opp til borgarleg vigsel kvar fredag frå kl. 12.00 – 15.00.

Kva kostar det å gifte seg?
Dersom ein av brudefolka er innbyggjar i Meland kommune, er det gratis å gifte seg hos oss. Dersom de begge er busett i ein annen kommune, vil det truleg bli tatt eit gebyr for dette (ikkje fastsett enno)

Vitne
Det skal vere to vitne til stades under vigselen. Dette kan vere forlovarane eller to andre myndige personar paret har med seg.

Om sjølve seremonien på formannskapssalen
Formannskapssalen ligg i 2. etasje på rådhuset. Lokalet er lyst og fint og har eit moderne preg. Det er god plass til eventuelle bryllaupsgjester (ca 30 sitjeplassar). 

Paret med følgje må møte i god tid før avtalt tid for vigsel. På rådhuset har vi eit tilgangssystem der alle gjestar må innregistrere seg i resepsjonen. Ta difor høgde for dette dersom det er eit stort bryllupsfølgje.

Sjølve seremonien tar ca 15 min. Det borgarlege vigselsfomularet blir lest opp (sjå heimesida til Barne- Ungdoms- og familiedirektoratet) og deretter blir paret spurt om dei vil ha kvarandre til ektefeller. Til slutt underteiknar paret, dei to vitna og vigslaren vigselsprotokollen. Paret får etter dette med seg ein mellombels vigselsattest. Endeleg vigselsattest vert ettersendt frå folkeregisteret.

Kunstnarleg innslag
Som del av seremonien ønskjer enkelte par å inkludere musikk, diktlesing eller liknande. Dersom det er ønskje om slike innslag eller t.d. utveksling av ringar, må de gi melding om dette på førehand. (Det er brudefolket sjøv som må ta ansvar for eventuelle kunstnarlege innslag.)

Fotografering
Fotografering og filming under og etter seremonien kan skje i forståing med brudeparet.

Kven er godkjente vigslarar i Meland kommune?
Ordførar og varaordførar har automatisk vigselsrett etter lova. Vi vil truleg ha behov for nokre fleire vigslarar, men det vil vi informere meir om når kommunestyret har behandla saka.

Web levert av CustomPublish