Fjærstell

Fjærstell

Barnevern

Tenesteeininga omfattar drift og utvikling av barnevernet i Meland.

Barneverntenesta skal sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling får naudsynt hjelp, omsorg og trygge oppvekstvilkår. Barneverntenesta gjev tenester til alle born og unge frå 0-18 år og deira familier som bur i Meland kommune. Når barnet samtykkjer, kan barneverntenesta oppretthalde hjelpetiltak inntil barnet har fyllt 23 år.

Barnevern

Offentleg tilsette skal av eige tiltak, utan hinder av teieplikta, gje opplysningar til barneverntenesta når det er grunn til å tru at barn lever under forhold som kan skade deira helse eller utvikling. Offentleg tilsette skal sende skriftleg melding til barneverntenesta.

Private, t.d. familie, vener og naboar, kan også melde bekymring til barnevernet.

Teieplikt

Alle i barneverntenesta har teieplikt. Teieplikta omfattar også fødestad, fødselsdato, personnummer, adresse, statsborgarskap, sivil status og arbeidsstad.

Skjema til barnevernet

Meldeskjema må sendast inn pr post, då sensitive data ikkje kan sendast elektronisk. Meldeskjema finn du til høgre på sida.

Når det er bekymring som omhandlar vald eller overgrep skal leiar for barneverntenesta kontaktast så snart som råd. Leiar gjev rettleiing korleis slike meldingar skal handterast. Det er særs viktig at eventuelle merknader som t.d blåmerker vert dokumentert ved f.eks ved hjelp av bilde.

Saksbehandling/ saksbehandlingstid

Barneverntenesta skal skaffe seg dei opplysningane som er naudsynte for å avgjere saka, og kan i heilt særskilde tilfelle velje å engasjere ein sakkunnig psykolog til å gje uttale i saka. Barneverntenesta skal handsame saka så snart som råd.

Lovverket gjer oss frist på 1 veke til å konkludere meldinga. Dersom det vert opna ei undersøking er det ei saksbehandlingstid på inntil 3 månader, som i særskilte tilfelle kan utvidast til 6 månader. Offentleg meldar har krav på tilbakemelding om at melding er motteke og om det vert sett inn tiltak eller ei etter avslutta undersøking.

Hjelpetiltak

Barneverntenesta har prioritert å gje tiltak som skal bidra til å styrkje foreldre si evne til å gje god omsorg. Barneverntenesta kan fatte vedtak om at foreldre skal få hjelp og støtte frå familieveileder som har kompetanse i å rettleia på ulike område.

I rettleiing til foreldre kan ein bruke "Marte Meo- metoden", ein praktisk modell til utvikling av nye ferdigheter i det daglege samspelet. Ein kan også arbeide langsiktig med familien for å bidra til å trygge tilknytninga mellom barn og foreldre ved hjelp av "COS Intervention". COS (Circle of Security) kan også gjevast i form av kurs i gruppe eller individuelt. Andre tiltak kan vere "Fortsatt foreldre" som gjeld foreldresamarbeid når ein ikkje bur saman. Barneverntenesta kan også tilby "ICDP" (International Child Development Program) som er eit kurs som tek for seg 8 tema for godt samspel. Vidare nyttar ein systematisk familieterapi i rettleiinga, kognitiv terapi som t.d psykologisk førstehjelp og rettleiing i høve adferdsregulering m.m.

Adopsjon

Treng du informasjon om adopsjon kan du lese meir om det her


Krisesituasjonar

Meland kommune har ikkje vaktteneste som er disponibel etter kontortid (kl. 08.00-15.30). Dersom ein akuttsituasjon oppstår på kveld/ helg kan ein prøve å kontakte leiar for barneverntenesta, Kjell Ølnes på mobiltlf 928 46 948. Politiet har same mynde som barnevernleiar til å gripe inn i akuttsituasjonar og kan kontaktast på tlf 02800.

Ein kan også ta kontakt med den landsomfattande Alarmtelefonen for barn og unge tlf 116 111

Meland kommune har samarbeid med Krisesenter i Bergen til kvinner, barn som er utsett for vald i nære relasjonar.

  • Døgnvakt Krisesenter:  Tlf 55 31 50 50

SMISO: Senter mot incest og seksuelle overgrep i Hordaland - Kontaktinfo - tlf. 55 90 49 90.

 

Familievern

Familievernet gir råd og rettleiing om samlivsproblem. Tenesta legg vekt på forebygging og oppfodrar om å søkje hjelp på eit tidleg stadium for å unngå at konfliktane blir heilt fastlåste.

Tilbodet er gratis, og du kan sjølv ta direkte kontakt med ditt næraste Meklingskontor/ familievernkontor i Hordaland.

Psykisk helsevern for barn og unge i Nordhordland, sjå BUP Nordhordland

Web levert av CustomPublish