Barnehagar

Barnehagesektoren ligg under ansvaret til Rådgjevartenesta, v/ barnehagefagleg rådgjevar.

Rådgjevartenesta v/ barnehagefagleg rådgjevar har barnehagemynde i høve til:

  • Godkjenning og tilsyn av alle barnehagane i kommunen.
  • Økonomisk likebehandling av private barnehagar,
  • Barnehageopptak og sakshandsaming i høve til barnehageområdet.

Barnehagen er den første delen av utdanningsløpet. Vi jobbar både for å gje barna dine eit trygt omsorgsmiljø – og eit godt læringsmiljø.

 

Søknadsfristen til hovudopptaket til barnehageplass er 1. mars. 

Alle må bruke dei elektroniske søknadsskjema våre. Du finn dei under overskrifta slik søkjer du, nedst i denne artikkelen.

Hugs å sende ny søknad sjølv om du står på venteliste!

Vi har 9 barnehagar i Meland, 1 er kommunal og 8 er private. Meland kommune gjennomfører samordna opptak. Det betyr at du må sende søknaden din til kommunen anten du søkjer plass i kommunal eller privat barnehage.

Nokre av dei private barnehagane har eigne opptakskriterier. Desse finn du i vedtektene til dei enkelte barnehagane, sjå heimesidene deira.

Trykk her for å lese meir om alle barnehagane i kommunen vår 

Krav til søkjar

For å ha rett til barnehageplass må du:

  • bu i Meland kommune
  • søkje barnehageplass innan fristen for hovudopptaket 1. mars

Dersom barnet ditt fyllet eitt år i august, september, oktober eller november har du rett på plass den månaden barnet ditt fyller år. Barn som er født desse fire månadane må med andre ord ikkje betale for plassen før dei startar i barnehagen.

Hovudopptaket skjer i perioden frå mars til juni. I denne perioden kan du ikkje endre på søknaden.

Du kan sjølvsagt søkje barnehageplass utanom hovudopptaket og få tilbod om vi har ledige plassar.

Barn med prioritet

Kommunen skal prioritere å gi plass til følgjande barn i hovudopptaket:

  • barn med nedsett funksjonsevne
  • barn med vedtak etter lov om barnevernstenester §§ 4-12 og 4-4 andre og fjerde ledd

Søkjer du plass til eit barn med rett til prioritet? Hugs å sende dokumentasjon til kommunen innan søknadsfristen 1. mars.

Ta kontakt med rådgjevar for barnehage, Mette Marei Træland om du har behov for meir informasjon om denne ordninga. E-postadresse: mette.m.traland@meland.kommune.no

 

Flytte eller bytte barnehage?

Flyttar du til ein annan stad i Meland kan du behalde barnehageplassen du har. Ønskjer du plass i ein annan barnehage, må du sjølv søkje om ny barnehageplass. Bruk det vanlege skjemaet, men kryss av for at du ønskjer å bytte barnehage.

Kva kostar det?

Frå 1. januar 2018 kostar ein full barnehageplass 2.910 kroner per månad.

Du kan få redusert pris dersom:

  • Du har fleire barn i barnehagen. 
  • Du som forelder har låg inntekt. 

Slik søkjer du:

Pass på at du vel det rette elektronisk e-skjemaet. Me har eitt søknadsskjema for hovudopptaket og eitt for ledige plassar elles i året.

Skal du sende ekstra dokumentasjon? Merk det med "barnehagesøknad" og send det til:

Meland kommune,
Boks 79, 5906 Frekhaug

Kva skjer vidare?

Du som søkjer plass i hovudopptaket får:

  • stadfesting på e-post med ein gong du har sendt søknaden
  • tilbodet eller avslaget kjem i posten til den adressa du har gitt oss i søknaden

Du som søkjer ledige plassar utanom hovudopptaket får:

  • stadfesting på e-post med ein gong du har sendt søknaden
  • berre skriftleg svar når vi har ledig plass og vi kan gi deg eit tilbod 
  • ikkje svar om vi ikkje har ledige plassar, men søknaden din havnar automatisk på ventelista vår

Kva seier lova?

Trykk her for å gå til barnehagelova.

Har du rett på redusert foreldrebetaling?

  • Frå 1. mai 2015 skal ingen hushald betale meir enn 6 prosent av inntekta si for ein barnehageplass.
  • Frå 1.januar 2017 gjeld dette for hushald som har ei samla inntekt som er lågare enn 500 500 kroner.

Har du rett på gratis kjernetid?

  • Gratis kjernetid betyr 20 timar gratis opphald kvar veke i barnehagen. Har barnet ditt heildagsplass må du sjølv betale for opphald utover dei 20 timane.
  • Hushald med inntekt lågare enn kr 417.000 per år som har 3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, kan søkje om gratis kjernetid. 
  • Vedtekne barnehage, skule og sfo- ruter finn du her
  • Informasjon om redusert foreldrebetaling finn du her

 

 

 

Web levert av CustomPublish